Nordland fylkeskommune

Adresse: Fylkeshuset, 8048 Bodø

Telefon: 75650000/76923330 (Musikk)Faks: 75650991Kontakt:: Vibeke Forshaug (musikk) og  Lise Valberg (andre Dks-produksjoner)

Utvid
Tilbake

Blix- Vår herre snakker ikke dansk i Gildeskål

Vår Herre Snakker ikke dansk i Gildeskål!

 

I 2011 er det 175 år siden Elias Blix frå Gildeskål i Nordland blei født.

 

Blix er ein av Noregs største salmediktare, og er den salmediktaren som har flest salmar i Norsk Salmebok frå 1984. Blix sine salmar blei veldig populære, og nokre av dei mest kjende salmane er ”Med Jesus vil eg fara”, ”No livnar det i lundar” og  Fedrelandssalmen ”Gud signe vårt dyre fedreland”. Til 60-årsdagen sin i 1896 skreiv Blix barndomsminne fra Nordland, og fram til i dag har Å, eg veit meg eit land vore eit samlingsmerke for nordlendingar. Her møter vi Blix si sterke kjærleik til naturen og til heimbygda.

 

Musikk i Nordland feirer denne store nordlendingen med ein jubileumskonsert hausten 2011, i samarbeid med Kultur i Troms, Nordland Teater og Rikskonsertane. Her får salmeskatten etter Blix nye og spenstige tonar frå sambygdingen Håvard Lund. Komponisten har fått boltre seg med ein norsk og ein indisk folkesongar, ein pakistansk perkusjonist,- kjent for sitt tabla-spill, ein pakistansk fløytist og sist men ikkje minst,- MiNensemblet frå Landsdelsmusikarane i Nord-Noreg.

 

I tillegg til å være ein stor salmediktar satte Elias Blix sitt preg på utviklinga av det norske samfunnet på 1800-talet på andre måtar. Han var teolog, vitskapsmann, professor i hebraisk, bibelomsetjar og politikar.

 

I denne konsertforestillinga vert du kjend med personen Blix gjennom dåttera Marie, som fortel om sin far. Vi får glimt av ein lutfattig barndom, klassereisa frå bondegut til statsråd, oppdaginga av sitt eige språk og draumen han målbar: om eit uavhengig Noreg, om polare bragder, om eit heilt nytt språk, om jernbane til Arkhangelsk og om barndomslengslane som måtte ligge under. ”Ei lysande strand mellom høgfjell og fjord” handlar ikkje om badestranda på Huk…

 

”Det tok lang tid før salmane til Blix blei tekne i bruk i heimekyrkja hans. Ved ei avrøysting i 1908 var det klart fleirtal mot å ta dei i bruk i kyrkjene i Gildeskål. Men ved hundreårsjubileet i 1936 var Blix endeleg blitt profet på heimstaden sin òg, og sambygdingane slutta mannjamt opp.” (http://eliasblix.no/wips/2050028744/).

 

-  Vi ser fram til å besøke Blix sine heimtrakter med nykomponerte Blix-salmar i anledning 175-årsjubileet til Blix, og håper sambygdingane sluttar opp om Elias Blix som ved forrige jubileum!

 

 

 

 

 

 

 

Medvirkende:

MiNensemblet - Musikk i Nordland 

Håvard Lund- Kultur i Troms

Unni Løvlid- vokal

 

Sunanda Sharma- vokal

 

Jai Shankar- perkusjon/ tabla

 

Akmal Quadri- fløyte

Ingvild Holthe Bygdnes- Nordland Teater

Manus: Stig Bang

Elias Blix- jubileumsforestilling vil besøke Bodø, Gildeskål, Meløy og Røydøy kommune i uke 44 og 45

 

Om utøvere og produsenter

Arrangert av:
Nordland fylkeskommune
Produsent:

Elisabeth Fredriksen, elisabeth.fredriksen.min@nfk.no, 769 23 332


Utøverkontakter

Kontaktperson utøver/medvirkende:

Elisabeth Fredriksen; elisabeth.fredriksen.min@nfk.no  , tlf 769 23 332

Multimedia og ressurser

Bilder

Elias Blix

Elias Blix


Ressurser

Musikk / Tradisjonsmusikk, norsk
8. trinn - 10. trinn

Praktisk informasjon

Programlengde:
Maks. publikumsantall:
300

Arrangører

Arrangert av:
Nordland fylkeskommune
Produsent:

Elisabeth Fredriksen, elisabeth.fredriksen.min@nfk.no, 769 23 332

Les mer

Rullebrett 2.0 debug

Site: (4160 nordland) Nordland fylkeskommune

Kommune:

Language: nb

Alle sites

__notransform